Debatt

Alt med måte også innanfor energi

Aud Hove

Debattinnlegget gir uttrykk for skribentens holdning.

SP Gruppeleder og fylkesvaraordfører Innlandet fylkeskommune

Med ny energilov som kom fyrst på 1990-talet kom også ei deregulering av det norske energisystemet. Denne dereguleringa har utvikla seg til noko som har gjort at det meir eller mindre ikkje er norsk, politisk styring på energien vår. Vi må no gå frå deregulering til meir regulering for å sikre forsyningssikkerheita vår. Vi må ha nasjonal styring og nasjonal kontroll!

Det kan også vere freistande å si «kva var det vi sa», når vi no ser kor lite styring vi i praksis har fått på energiflyten i Norge. Det som er sikkert er at alle politiske parti no må vere med og ta ansvar for å finne løysingar for forsyningssikkerheita til våre innbyggarar og næringslivet vårt.

Energikommisjonen har levert ei god utgreiing «Mer av alt – raskere». Der peikar dei på både noko av grunnen til at vi er der vi er og ulike utfordringar som må løysast om vi skal nå samfunnsmåla om elektrifisering og grøn omstilling. Sjølv om dei skriv at det må gå raskare, må vi likevel sikre gode demokratiske prosessar og forståing for både behov og fordeling av energien som blir produsert. Vi kan ikkje ukritisk bygge ut, dersom vi ikkje samtidig prioriterer kva energien skal brukast til. Kommisjonen peikar også på meir politisk styring og at Stortinget må tettare på.

Vi må ta naturomsyn, omsyn til folkemeininga og omsyn til kostnadsbildet. Nokon er imot alt av utbygging, medan andre meiner vi berre skal køyre på. Det som er utfordringa er at med høge klimamål, omstilling til grøn industri og ein kraftig forbruksvekst så vil også kraftoverskotet vårt reduserast, og i verste fall vil det bli for lite energi om vi ikkje tek tak.

Vi er avhengige av at fleire ting skjer parallelt. Det må vurderast ny, og utviklast eksisterande vasskraft, i tillegg til havvind, vindkraft på land og solkraft. Vi må også utvikle og stimulere til meir bruk av bioenergi og geotermisk varme. Dette må utgjere ein større del av den framtidige energimiksen. Samtidig må nettkapasiteten aukast markant for å sikre god og sikker infrastruktur, dimensjonert for både auka forbruk til elektrifisering og til produksjon.

Tilgang til meir kraft kan ikkje berre komme frå nyetableringar. Det er eit betydeleg potensial for betre utnytting av eksisterande kraft. Derfor treng vi meir energieffektivisering også.

Det må i ein framtidig mangfaldig energimiks også vere rom for både store og små energi- og nettselskap. Ein viktig stimulans for å bygge og vedlikehalde nett er gode inntektsrammar for mindre og lokale energi- og nettselskap, som ofte har nett der kraft blir produsert. Energi- og nettselskap er viktige hjørnesteinsbedrifter med god lokalkunnskap i beredskapssituasjonar.

Søknadar om nettilknyting bør ha ei breiare vurdering enn i dag. Sysselsetting lokalt og regionalt, grøn verdiskaping, foredling av lokale ressursar og samfunnsmessig betydning bør vere blant kriteria som blir vurdert. Eksisterande industri og næringsliv må prioriterast og sikrast kraft til sine verksemder og til elektrifisering for å møte nye krav til utslepp. Nettkapasiteten må aukast parallelt, eller helst i forkant av kraftutbygging.

Skal lokalsamfunn avsjå areal og naturverdiar er det avgjerande at vertskommunar og -fylka får ta større del i verdiskapinga og at det blir skapt forståing og aksept for behovet og bruken av energien. Da må vi ha medverknad og incentiv, som til dømes konsesjonskraft og naturressursskatt.

Powered by Labrador CMS